Personvern

Ingen sporing.
Ingen skjulte skjema.

Denne nettsida samlar ikkje inn meir enn ho må. Her er kort fortalt kva som skjer med opplysningane dine.

Ansvarleg

Framhev ved Stian Larsen er ansvarleg for personopplysningar du sender til meg. Du når meg på stian@framhev.no eller 98 84 46 18.

Informasjonskapslar og analyse

Sida brukar ikkje informasjonskapslar til sporing, analyse eller annonsar, og ho har ingen verktøy som følgjer med på kva du gjer.

Når du tek kontakt

Kontaktsida sender ingenting av seg sjølv. Ho lagar eit utkast i ditt eige e-postprogram, og du vel sjølv om du vil senda det. Det du skriv til meg, brukar eg berre til å svara deg og følgja opp førespurnaden. Eg deler det ikkje med andre.

Nettsidedøma

Nokre av dei interaktive døma, til dømes LUMA, hugsar vala dine medan fana er open. Dette blir lagra lokalt i nettlesaren din og blir aldri sendt til meg.

Drift

Leverandøren som driftar nettsida, kan behandla tekniske opplysningar som IP-adresse i serverloggar for å levera sida og halda henne trygg.

Rettane dine

Du kan be om innsyn i, retting av eller sletting av opplysningar eg har om deg. Ta kontakt på e-post. Meiner du at opplysningane dine blir behandla i strid med regelverket, kan du klaga til Datatilsynet.