Gjer det lett
å velja deg.

Kunden skal forstå kva du tilbyr, sjå kva du kan og finna vegen til deg. Eg hjelper deg å få det på plass.

Frå idé til noko du kan bruka

Du treng ikkje ha
alt klart på førehand.

Me tek utgangspunkt i bedrifta di og finn innhaldet saman. Du bidreg med kunnskapen om det du gjer. Eg hjelper deg med å få det fram.

LUMA-nettsida med interaktiv lysstemning

Prøv ideane.
Kjenn forskjellen.

Ei enkel bedriftsside eller noko kunden kan utforska? I LUMA kan du endra lysstemninga, lagra favorittar og laga ein lysplan med eit eksempeloverslag.

Utforsk LUMA

Fiktivt studio, laga for å visa design og funksjonar.

Finn fleire retningar i katalogen

Slik kjem me i gang

Du veit kva som skjer vidare.

  1. 01 / Avklar

    Me finn behovet.

    Fortel om bedrifta og kva du vil oppnå. Me avtalar innhald, pris, leveringstid og tal på rettingar.

  2. 02 / Prøv

    Du får sjå sida.

    Me går gjennom utkastet saman. Du gir tilbakemelding og godkjenner tekst og bilete.

  3. 03 / Ta i bruk

    Me gjer henne klar.

    Me avtalar publisering, eigarskap og korleis du får hjelp med endringar etter levering.

Du får eit konkret tilbod før arbeidet startar. Domene, hosting og eventuell vidare oppfølging blir spesifiserte, så du veit kva som er med og kva som kjem i tillegg.

Rundt nettsida

Det som gjer sida komplett.

Synleg på Google

Synleg når nokon søkjer.

Google Bedriftsprofil med opningstider, bilete og kontaktinfo. Titlar og skildringar for kvar side, sidekart og strukturert data, så søkjemotorane forstår kven du er og kvar du held til. Ingen kan love førsteplassen, men det grunnleggjande skal vera på plass.

Tekst og innhald

Meir innhald til nettsida og kundane dine.

Fleire nettsidetekstar, svar på vanlege spørsmål og malar for kundedialog, bygde på det bedrifta di faktisk tilbyr. Du kontrollerer og godkjenner alt før det blir brukt.

Foto

Foto frå di eiga bedrift.

Eg har kamerautstyr og kan ta bilete til nettsida di, til dømes portrett, produkt eller folk i arbeid. Me avklarar motiv, stad og omfang før fotograferinga.

Hjelp etter lansering

Hjelp når sida er oppe.

Nye tenester, endra opningstider, ferske bilete eller ei ny underside. Me avtalar korleis endringar skal handterast, som einskilde oppdrag eller ein fast avtale. Du eig sida, domenet og kontoane uansett.

Meir enn nettsida

Digital hjelp i kvardagen.

Små verktøy og appar

Små digitale verktøy.

Eit bestillingsskjema, ein priskalkulator, ein planleggjar for kunden eller ei enkel oversikt over førespurnader. Eit lite verktøy laga for eitt konkret behov, på nettsida eller til internt bruk.

Praktisk hjelp med KI

Praktisk hjelp med KI.

Få hjelp til å bruka KI i arbeidskvardagen, til dømes til kundesvar, nettsidetekstar og oppsummeringar. Me tek utgangspunkt i ei oppgåve frå bedrifta di og går gjennom korleis du kan løysa henne med verktøy som ChatGPT.

Kurs i KI

Kurs og opplæring i KI.

Eg har bakgrunn som lærar og IKT-ansvarleg i skulen. Eit kurs blir bygd rundt oppgåver frå dykkar eigen kvardag: kva KI er god til, korleis de skriv gode instruksjonar, og kva som ikkje bør limast inn i ei KI-teneste. Omfang og opplegg avtalar me.

Musikk

Musikk som passar uttrykket.

Eg produserer musikk og kan laga eit spor til nettsida eller det digitale innhaldet ditt. Me avklarar stemning, lengd, bruk og rettar som del av tilbodet.

Vanlege spørsmål

Greitt å vita
før me byrjar.

Finn du ikkje svaret? Spør meg direkte, så svarar eg så konkret eg kan.

Still eit spørsmål
Kva kostar ei nettside?

Det kjem an på omfanget: kor mange sider, kva funksjonar og kor mykje innhald som må lagast. Du får ein fast pris i tilbodet før arbeidet startar. Der står det kva som er med, og kva som eventuelt kjem i tillegg, til dømes domene og hosting.

Kven eig nettsida og domenet?

Du. Domene og kontoar blir registrerte på bedrifta di, og eg får tilgang til det eg treng for å gjera jobben. Då kan du halda fram sjølv eller med andre om du ønskjer det.

Må eg ha tekst og bilete klart?

Nei. Du kjenner bedrifta, eg hjelper deg å få det fram. Me finn innhaldet saman, eg skriv utkast du godkjenner, og eg kan ta bilete om du treng det.

Kan eg endra sida sjølv etterpå?

Ja, om du ønskjer det. Skal du oppdatera ofte, vel me ei løysing der du kan redigera sjølv. Er endringane sjeldne, kan eg ta dei for deg. Dette avklarar me før me byrjar.

Kor lang tid tek det?

Det avheng mest av omfanget og kor raskt innhald og tilbakemeldingar kjem. Leveringstida står i tilbodet, så du veit kva du kan rekna med.

Fungerer sida for alle?

Nettsider for verksemder i Noreg skal følgja krava til universell utforming. Eg legg vekt på god kontrast, tastaturnavigasjon, tydelege overskrifter og alternativ tekst til bilete frå starten av.

Har du ei nettside som treng ein ny start?
Eller byrjar du heilt frå botnen?

Ta ein prat med Stian