Om Framhev / Stian Larsen
Eg er Stian.
Eg er Framhev.
Bak Framhev står ein person du kan snakka direkte med.
Eg heiter Stian Larsen. Gjennom Framhev hjelper eg små og mellomstore bedrifter med nettsider, innhald og praktisk bruk av digitale verktøy.
Eg vil gjera det enklare å visa kva bedrifta di kan, få oversikt og få gjort det som stadig blir utsett. Me byrjar med eit konkret behov og finn ut kva som passar for deg.
Ta ein prat med meg

Eige prosjekt
Gløtt.Kamerautleige på Bømlo.
Gløtt er nettsida eg har laga for mi eiga utleige av kamerautstyr.
Ho samlar utstyr, pakkar og prisar og gir ein enkel veg vidare til ein førespurnad om leige.
Sjå GløttSlik samarbeider me
Ein prat.
Eit konkret neste steg.
Du samarbeider direkte med meg, frå den første praten til levering.
- 01
Me finn behovet.
Du fortel om bedrifta, kundane og kva som tek tid. Me avklarar kva du treng hjelp med.
- 02
Du veit kva du får.
Me avtalar innhald, omfang, pris og leveringstid før arbeidet startar. Du bidreg med fakta, bilete og anna materiale som er relevant.
- 03
Du får sjå og prøva.
Du gir tilbakemelding på utkastet. Me gjer dei avtalte rettingane og går gjennom det du får levert.
- 04
Me avklarar vegen vidare.
For nettsider avtalar me eigarskap, publisering og korleis endringar skal handterast. Drift og vidare hjelp blir avtalte særskilt.
Få fram det som gjer
deg verd å velja.