Næringsbygg
Bygd for det som skal skje der.
Eit verkstadlokale, eit lager eller ein arbeidsplass i endring. Me tek utgangspunkt i drifta og kva bygget må fungera til.

Dette kan inngå
- Avklaring av bruk, areal og vareflyt
- Mindre næringsbygg og tilbygg
- Ombygging av eksisterande lokale
- Planlegging av arbeid rundt den daglege drifta
La drifta styra løysinga.
Tilkomst, lagring og gode arbeidsområde må henga saman. Me avklarar behovet for andre fag og finn ei rekkjefølgje som tek omsyn til verksemda medan prosjektet går føre seg.
Omfang og behov for andre fag blir avklarte for kvart prosjekt.
Frå tanke til gjennomføring
Du skal vita kva
som skjer vidare.
- 01
Den første praten
Fortel kva du vil få til. Me avklarar behov, rammer og eit naturleg neste steg.
- 02
Synfaring og vurdering
Me ser på staden, stiller spørsmål og går gjennom moglege løysingar.
- 03
Tilbod og plan
Du får oversikt over omfang, pris og framdrift før du tek ei avgjerd.
- 04
Arbeid og overlevering
Me følgjer opp vala undervegs og går gjennom resultatet saman.
Sjå eit konseptprosjekt
Plass til å få jobben gjort
Eit illustrert næringsbygg der verkstad, lager og arbeidsplassar er planlagde som ein heilskap.
Utforsk prosjektet
Kva vil du få til?